Om orda var mine - private
ville eg strø dei på open gate.
Men berre dei fine...
alle dei hine
sku´ på ein-to-tre
låsast ned
i ei kiste
utan at vi visste
kvar nøkkelen var!!
Dei som var rar
og hard å forstå
sku´ det limast forklåring på!
Gode, varme og kjærlege ord
ville eg drysse over alt på jord
- høgt frå ei sky...
slik at dei kunne brukast
på ny - og på ny.
Dei ord som var best
Sku´ få koma på fest!
Og dei herlege orda,
dei søte og glade,
sku´ dyppast i sjokolade
slik at dei kunne svelgjast ned
- og virka til venskap,
glede og fred!