<


 
 

Visjon | Om oss | Kontakt oss | Spørsmål | Forum | Linker     

     

 
Informasjon Sist oppdatert: 15/02 2017 - 03:15:23


Sartora-tankesmie
08/01 2007 - 07:19:48   av MLA

Tips en venn
 Utskrift
Vi er kristne i eit nettverk på tvers av kyrkjesamfunn og organisasjonar. Nettverket er altså ikkje bunden i ein konfesjon, men vi er bunden saman i kjærleik til Jesus Kristus og vår himmelske Far – Abraham, Isak og Jakobs Gud.

Korleis har vi lagt det opp?

- Bønenettverk. Vi ber i Jesu namn for alle bønebehov. Vi ber for folket på Sotra og vi ber for bygdene våre at det må vere godt å bu i dei.

- Sjelesorg. Vi har i nettverket erfarne kristne med djup åndelig og mellommenneskelig innsikt som kan vere samtalepartnarar på ulike felt. Våre kontakter har sjølvsagt taushetsplikt. Ved sjukdom vil vi vise til passande helsetenester.

- Kulturarven. Vi vil gjerne formidle ei grunnleggande forståing for vår eigen kristne kulturarv og den judeo-kristne verdiarven. Det gjer vi her på nettstaden ved å legge ut artiklar og informasjon om ulike tema. Og ved å arrangere ei oppleving av dei bibelske festane slik dei blei feira i den første kristne kyrkjelyden.

- Skulering. Vi vil her på nettstaden legge ut bakgrunnsartiklar på ulike tema innan fag som teologi, religion, ideologi, historie. Vi har i nettverket brei kompetanse på desse feltene.

- Forum. Vi har eit forum for ulike typar debatt, der folk kan drøfta saker som ligg dei på hjarte. Det skjer her på nettstaden, men kan også skje ved spesielle tilskipingar.

Dersom du ønsker å ta kontakt, eller har bøneemner, kan du senda ein email til post@sartora.no



© Copyright 2007 - Sartora

Toppen av siden

Annonser
Din annonser her?
Kontakt oss

Informasjon
Visjon
Velkommen til Sartora.no!
Linker
Spørsmål
Kontakt oss
Om oss
Sartora-tankesmie