From Sartora

Informasjon
Spørsmål
08/01 2007 - 10:30:22   av MLA

Har du spørsmål til noko av det som er publisert her på nettstaden, skal du kjenne deg fri til å sende oss spørsmål. Vi vil svare så godt det lar seg gjere.

O.S.S. (Ofte spurte spørsmål) :

Kva er Sartora.no?

- Sartora.no er ein nettstad for kristen tru og tanke.

Kven står bak Sartora.no?

- Vi er eit uformelt nettverk av kristne frå Sotra. Vi er opptatt av Jesus Kristus, apostlanes lære og det profetiske ord. 

For vår tru og identitet "er bygd opp på apostlanes og profetanes grunnvoll, der Jesus sjølv er hovedhjørnesteinen" (Ef 2:20).

Kven redigerer Sartora.no?

- Det er ein redaksjonskomitè, med Margit Apelthun som redaktør.

Kvifor heiter nettstaden Sartora.no?

- Sartor er eit gammalt namn på øya Sotra utanfor Bergen. Det namnet fekk sin renessanse då kjøpesenteret Sartor Senter vart opna på Straume på 1970-talet.

Men namnet Sartora symboliserer noko meir. I logoen vår kan du sjå at vi har sett saman namnet av to ord Sar og Tora, med T forma som eit kors.

No er det slik at desse to orda saman også betyr Fyrsten over Guds lære. Sar betyr fyrste på hebraisk (vi finn tittelen igjen også i andre språk, t.d. i Tsar, Cesar, Keisar og lignande). I Bibelen les vi om Sar Shalom, Fredsfyrsten.

Korset i midten symboliserer at denne fyrsten er Jesus.

Tora betyr lova eller lærdommen, og brukes på hebraisk om rettsundervisninga som vi finn i Mosebøkene og læra om Gud som er gitt av profetane.

Denne doble betydninga av namnet synes vi passa bra for denne nettstaden.

Kva vil de med denne nettstaden?

- Vi ønsker at denne nettstaden kan verte ein ressurs for folk som vil finne ut meir om kristen tru og tanke.

Vi representerer ulike kristne tradisjonar, og vi vil her freista å presentera den bibelske sanninga for seg, og dei ulike tolkingstradisjonane for seg.

Vi vil her på nettstaden peike på bibelske trussanningar som kan vere til  oppmuntring, inspirasjon og provokasjon for alle og einkvar, om du vel å kalle deg kristen, pre-kristen, post-kristen eller vantruande.



© Copyright 2007 - Sartora