From Sartora

Informasjon
Visjon
08/01 2007 - 08:26:16   av MLA

Sartora.no ønsker å vere ei positiv og fri drivkraft for kristen tru og tanke. Vi vil peike på bibelske trussaninger som kan vere til oppmuntring, inspirasjon og provokasjon.

Vi trur at Jesus Kristus er ei kjelde til liv, og at hans lære og leiarskap er ei oppskrift og ein modell for det gode liv. Vi vil difor være talerør for dei verdier og livsprinsipp Jesus står for. Til dømes menneskeverd, trusfridom, ytringsfridom og rettstaten.  

Sartora.no er ein nettstad for mennesker som er opptatt av å ta vare på vår judeo-kristne kulturarv som vi har fått frå Bibelen.

Dei judeo-kristne verdiane kan meislast ut i nokre grunnleggande prinsipp for samfunnet:

- Menneskeverd. Retten til liv er grunnlag for alle menneskerettar. Alle menneske har same verdi, gjeven dei av Skaparen.

- Trusfridom. Fridomen til å sjølv å velge kva ein vil tru er eit guddommeleg prinsipp og eit stort ansvar som er gitt til kvar einskild.

- Ytringsfridom. Alle har lov til å dele si tru, meining og tanke. Mindretalet har rett til å gje uttrykk for si usemje med fleirtallet.

- Rettsstaten. "Lova kom med Moses" står det i Bibelen. Det vil seie prinsippet om rettsstaten fekk vi allereide då. Likhet for lova gjeld for alle borgarar.

Desse grunnleggande prinsippa blir best ivaretatt dersom vi som folk og samfunn legg til grunn det bibelske rettsprinsipp og Jesu nåde: 

- Sanninga frigjer.

- Kjærleiken inkluderar.



© Copyright 2007 - Sartora